Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 15:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen.

2. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt.

3. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk.

4. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg.

5. Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.

6. Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn.

7. Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det.

8. På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar.

9. Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!

10. Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik.

11. Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen.

12. Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.

13. Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.

14. De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk.

15. Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min.

Les hele kapitlet Johannes 15