Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 10:29-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min.

30. Eg og Faderen er eitt.»

31. Atter tok jødane opp steinar og ville steina han.

32. Jesus sa til dei: «Mange gode gjerningar frå Faderen har eg synt dykk. Kva for ei av dei er det de vil steina meg for?»

33. «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje,» svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.»

34. Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt de er gudar?

35. Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje gjerast om inkje.

36. Kvifor seier de då til han som Gud har helga og sendt til verda: Du spottar Gud, fordi eg sa: Eg er Guds Son?

37. Gjer eg ikkje gjerningane åt Far min, så tru meg ikkje.

38. Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Faderen er i meg og eg i Faderen.»

39. Då prøvde dei atter å gripa han, men han slapp ut or hendene deira.

40. Så fór Jesus attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid.

41. Det kom mange til han, og dei sa: «Johannes gjorde ikkje noko teikn, men alt det han sa om denne mannen, var sant.»

42. Og det var mange der som kom til tru på Jesus.

Les hele kapitlet Johannes 10