Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 10:21-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Andre sa: «Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.»

22. Så kom den festen dei heldt i Jerusalem til minne om tempelvigsla. Det var vinter.

23. Og Jesus gjekk ikring i Salomos bogegang på tempelplassen.

24. Då flokka jødane seg om han og spurde: «Kor lenge vil du halda oss i uvisse? Er du Messias, så sei oss det beint ut!»

25. Jesus svara: «Eg har sagt dykk det, men de trur meg ikkje. Dei gjerningar eg gjer i namnet åt Far min, dei vitnar om meg.

26. Men de trur meg ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.

27. Mine sauer høyrer mi røyst, eg kjenner dei, og dei fylgjer meg.

28. Og eg gjev dei evig liv; dei skal ikkje i all æve gå tapt, og ingen skal riva dei ut or mi hand.

29. Far min som har gjeve meg dei, er større enn alle, og ingen kan riva nokon ut or handa åt Far min.

30. Eg og Faderen er eitt.»

31. Atter tok jødane opp steinar og ville steina han.

32. Jesus sa til dei: «Mange gode gjerningar frå Faderen har eg synt dykk. Kva for ei av dei er det de vil steina meg for?»

33. «For ei god gjerning steinar vi deg ikkje,» svara jødane, «men fordi du spottar Gud. Du som er eit menneske, gjer deg sjølv til Gud.»

34. Jesus svara: «Står det ikkje skrive i lova dykkar: Eg har sagt de er gudar?

35. Dei som Guds ord kom til, vart i lova kalla gudar, og Skrifta kan ikkje gjerast om inkje.

36. Kvifor seier de då til han som Gud har helga og sendt til verda: Du spottar Gud, fordi eg sa: Eg er Guds Son?

37. Gjer eg ikkje gjerningane åt Far min, så tru meg ikkje.

38. Men gjer eg dei, så tru i det minste gjerningane, om de ikkje trur meg. Då skal de sjå og skjøna at Faderen er i meg og eg i Faderen.»

Les hele kapitlet Johannes 10