Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 9:5-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men dei skulle pina dei i fem månader. Og pinsla var som den pinsle ein skorpion valdar når han stikk eit menneske.

6. I dei dagane skal menneska søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal røma frå dei.

7. Grashoppene var liksom hestar budde til strid; på hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet.

8. Håret deira var som kvinnehår, tennene som løvetenner

9. og bringa som ei jernbrynje. Lyden av vengene deira var som larmen av mange hestar og vogner når dei rasar fram til strid.

10. Dei hadde halar med brodd som skorpionar, og i halane låg makta til å plaga menneska i fem månader.

11. Til konge over seg hadde dei avgrunnsengelen, han som på hebraisk heiter Abaddon, og på gresk Apollyon.

12. Det fyrste ve er over, men det kjem endå to.

13. Den sjette engelen bles i basun. Då høyrde eg ei røyst frå dei fire horna på gullaltaret for Guds åsyn.

14. Røysta sa til den sjette engelen, som hadde basunen: «Løys dei fire englane som står bundne ved den store elva Eufrat!»

15. Og dei fire englane vart løyste, dei som stod ferdige og venta på denne timen, denne dagen, denne månaden og dette året; dei skulle drepa tredjeparten av menneska.

16. Talet på hestfolk i hæren deira var tjue tusen gonger ti tusen; eg høyrde talet.

17. Og såleis var dei hestane og det hestfolket eg såg i synet: Mennene hadde brynjer som var eldraude, mørkeblå og svovelgule; hestane hadde hovud som løver, og ut or munnen deira fór det eld og røyk og svovel.

18. Tredjeparten av menneska sette livet til i desse tre plagene, i elden og røyken og svovelen som kom ut or munnen på hestane.

19. For makta deira ligg ikkje berre i munnen, men i halane òg. For halane deira liknar ormar som har hovud, og med dei gjer dei skade.

20. Men dei som slapp frå desse plagene og ikkje vart drepne, dei vende ikkje om, og heldt ikkje opp med å tilbe det dei hadde laga med hendene sine; men dei tilbad vonde ånder og avgudsbilete av gull, sølv og bronse, stein og tre, dei som korkje kan sjå eller høyra eller gå.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 9