Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 9:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den femte engelen bles i basun. Då såg eg ei stjerne som hadde falle frå himmelen og ned på jorda. Ho fekk nykelen til brunnen som fører ned i avgrunnen.

2. Og då ho opna brunnen, steig det opp røyk som or ein stor omn, så sola og lufta mørktest.

3. Ut or røyken kom det grashopper som spreidde seg over jorda, og dei fekk same makt som skorpionane på jorda.

4. Det vart sagt dei at dei ikkje måtte skada graset på jorda eller noko anna grønt eller noko tre, men berre dei menneske som ikkje hadde Guds segl på panna.

5. Dei fekk ikkje lov til å drepa dei, men dei skulle pina dei i fem månader. Og pinsla var som den pinsle ein skorpion valdar når han stikk eit menneske.

6. I dei dagane skal menneska søkja døden, men ikkje finna han. Dei skal lengta etter å få døy, men døden skal røma frå dei.

7. Grashoppene var liksom hestar budde til strid; på hovudet hadde dei noko som likna kransar av gull, og andleta var som menneskeandlet.

8. Håret deira var som kvinnehår, tennene som løvetenner

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 9