Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 3:8-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

9. Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.

10. Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda.

11. Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!

12. Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

13. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

14. Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk:

15. Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm!

16. Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn.

17. «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken.

18. Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.

19. Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om!

20. Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

21. Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.

22. Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 3