Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 22:12-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort.

13. Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden.

14. Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen.

15. Men utanfor er hundane og trollmennene og dei som driv hor, drapsmennene, avgudsdyrkarane og alle som elskar lygn og talar lygn.

16. Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.»

17. Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

18. Eg seier til kvar og ein som høyrer dei profetiske orda i denne boka: Dersom nokon legg noko til dette, då skal Gud leggja på han dei plagene det er skrive om i denne boka;

19. og dersom nokon tek noko bort av orda i denne profetiske boka, då skal Gud ta frå han hans del i livsens tre og i den heilage byen, som det er skrive om i denne boka.

20. Han som vitnar dette, seier: «Ja, eg kjem snart.» Amen. Kom, Herre Jesus!

21. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med alle!

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 22