Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 21:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir.

2. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom.

3. Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei.

4. Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»

5. Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»

6. Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.

7. Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.

8. Men dei som er reddhuga og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle lygnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»

9. Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura, maken åt Lammet.»

10. I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud.

11. Byen hadde Guds herlegdom, og han stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 21