Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 20:12-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.

13. Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar.

14. Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden.

15. Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 20