Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 20:11-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Eg såg ein stor, kvit kongsstol og han som sat på stolen. Jorda og himmelen kvarv for hans åsyn, og dei fanst ikkje meir.

12. Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor kongsstolen, og bøker vart opna. Så vart ei anna bok opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.

13. Havet gav frå seg dei døde som var i det, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der; og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar.

14. Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen – og eldsjøen, det er den andre døden.

15. Og dersom nokon ikkje fanst oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 20