Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 20:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg såg ein engel stiga ned frå himmelen; i handa hadde han nykelen til avgrunnen og ei stor lekkje.

2. Han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt han for tusen år.

3. Han kasta han i avgrunnen, låste att og sette segl over, så han ikkje lenger skulle forføra folka, ikkje før det hadde gått tusen år. Etter den tid skal han sleppast laus for ei lita stund.

4. Eg såg troner, og nokre sette seg på dei; dei fekk makt til å halda dom. Og eg såg sjelene til dei som hadde vorte halshogne fordi dei hadde halde fast på Jesu vitnemål og på Guds ord, og alle som ikkje hadde tilbede dyret eller biletet av det og ikkje teke merket på panna eller handa. Dei vart levande att og rådde saman med Kristus i tusen år.

5. Men dei andre døde vart ikkje levande før dei tusen år var lidne. Dette er den fyrste oppstoda.

6. Sæl og heilag er den som får vera med i den fyrste oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda med han i tusen år.

7. Og når dei tusen år er til ende, skal Satan sleppast laus or fengslet sitt.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 20