Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 18:1-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han.

2. Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar.

3. For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.»

4. Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar.

5. For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.

6. Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt.

7. Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: «Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.»

8. Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne.

9. Kongane på jorda, som har levt med henne i hor og vellivnad, skal gråta og jamra seg over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn.

10. Skræmde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa: «Ve, ve, du store by, du mektige Babylon by! På éin time kom domen over deg.»

11. Kjøpmennene på jorda skal gråta og syrgja over henne, fordi ingen kjøper varene deira lenger:

12. skipslaster av gull og sølv, dyre steinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak; alle slag angande tre, alle slag ting av elfenbein og verdfullt tre og kopar, jern og marmor;

13. kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak; vin og olje, fint mjøl og kveite; storfe og småfe, hestar, vogner og trælar, levande menneske.

14. Fruktene som var di hjartans lyst, er borte for deg, og alle dine dyre eigneluter og all din stas har du tapt; aldri skal det finnast meir.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 18