Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 17:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, kom hit til meg og sa: «Kom, eg skal syna deg korleis den store skjøkja får sin dom, ho som tronar attmed veldige vatn.

2. Kongane på jorda har drive hor med henne, og horelivet hennar har vore som sterk vin for dei som bur på jorda.»

3. I Anden førte han meg ut i øydemarka, og der fekk eg sjå ei kvinne som sat på eit dyr, raudt som skarlak. Dyret var fullsett med namn som var ein spott mot Gud, og det hadde sju hovud og ti horn.

4. Kvinna var kledd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perler. I handa hadde ho eit gullstaup fullt med heidensk styggedom og allslags ureinskap frå hennar utukt.

5. På panna hennar stod det skrive eit namn med duld meining: «Babylon den store, mor til skjøkjene og all styggedomen på jorda.»

6. Og eg såg at kvinna var drukken av blodet frå alle dei heilage og frå Jesu vitne.Eg vart full av undring då eg såg henne.

7. Men engelen sa til meg: «Kvifor undrar du deg? Eg skal fortelja deg løyndomen med kvinna og med dyret som ber henne og har sju hovud og ti horn.

8. Dyret du såg, det var og er ikkje; men det skal koma opp or avgrunnen og gå sin undergang i møte. Og dei som bur på jorda, og som ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok frå verda vart grunnlagd, dei skal undra seg når dei ser dyret som var og ikkje er, men som skal koma att.

9. Her trengst det både vit og visdom. Dei sju hovuda er sju høgder, og på dei sit kvinna. Og dei er sju kongar:

10. Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen; og når han kjem, skal han halda seg berre ei lita stund.

11. Dyret som var og ikkje er, det er sjølv den åttande, men på same tid ein av dei sju og går sin undergang i møte.

12. Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått rike; men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 17