Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 15:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: Sju englar med sju plager, som er dei siste, for med dei er Guds vreide fullført.

2. Og eg såg noko som likna eit glashav, blanda med eld; og på glashavet såg eg dei stå som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene

3. og syng lovsongen åt Moses, Guds tenar, som òg er songen for Lammet:Store og underfulle ¬er dine gjerningar,Herre Gud, du Allmektige.Rettferdige og sanne ¬er dine vegar,du konge over alle folkeslag.

4. Kven skulle ikkje ottast deg, ¬Herre,og æra ditt namn?For einast du er heilag.Alle folkeslag skal komaog tilbe for ditt åsyn,fordi dine rettferdige domar ¬har vorte openberre.

5. Etter dette såg eg at templet i himmelen, vitnemålsteltet, vart opna.

6. Og ut or templet kom dei sju englane som hadde dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa.

7. Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med Guds vreide, han som lever i all æve.

8. Då vart templet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i templet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 15