Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 14:13-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som døyr i Herren heretter! Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira fylgjer med dei.»

14. Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa.

15. Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.»

16. Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta.

17. Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd.

18. Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!»

19. Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide.

20. Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 14