Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 13:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over kvar ætt og kvart folk, kvart tungemål og kvart folkeslag.

8. Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lammet som vart slakta.

9. Den som har øyro, han høyre dette!

10. Den som skal i fangenskap, han må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, han må døy for sverd. Her gjeld det at dei heilage held ut og har tru.

11. Då såg eg eit anna dyr stiga opp or jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake.

12. All den makt det fyrste dyret har, brukar det andre dyret slik det fyrste vil. Det får heile jorda og folket der til å tilbe det fyrste dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt.

13. Det gjer store under, så det jamvel lèt eld frå himmelen fara ned på jorda beint for augo på folk.

14. Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att.

15. Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å drepa alle som ikkje ville tilbe biletet av dyret.

16. Det syter for at alle, små og store, rike og fattige, frie og trælar, får eit merke på høgre handa eller på panna.

17. Og ingen kan kjøpa eller selja utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet.

18. Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 13