Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 13:3-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Eit av hovuda på dyret såg ut som om det hadde fått banesår, men ulivssåret vart lækt, og heile verda undra seg over dyret og fylgde det.

4. Folk tilbad draken fordi han hadde gjeve dyret makt, og dei tilbad dyret og sa: «Kven er som dyret, og kven kan strida mot det?»

5. Det vart gjeve dyret ein munn som kunne tala store og spottande ord, og det fekk makt til å halda på i 42 månader.

6. Då opna det munnen for å spotta Gud, og det tok til å håna namnet og bustaden hans, ja, alle som bur i himmelen.

7. Det fekk lov til å føra krig mot dei heilage og vinna over dei, og det fekk makt over kvar ætt og kvart folk, kvart tungemål og kvart folkeslag.

8. Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hjå Lammet som vart slakta.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 13