Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 11:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Og eg fekk ei mælestong, på skap som ein stav, og det vart sagt til meg: «Reis deg og mæl Guds tempel og altaret og dei som tilbed der!

2. Men føregarden utanfor templet skal du la vera; den skal du ikkje mæla. For han er overlaten til heidningane, og dei skal trø ned den heilage byen i 42 månader.

3. Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i syrgjeklede, til å vera profetar i 1260 dagar.»

4. Dette er dei to oliventrea og dei to ljosestakane som står framfor herren over jorda.

5. Og vil nokon skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, om nokon vil skada dei, skal han døy på den måten.

6. Dei har makt til å lata att himmelen, så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar; dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slag plager, så ofte dei vil.

7. Men når dei har fullført vitnemålet sitt, skal dyret som stig opp or avgrunnen, føra krig mot dei, vinna over dei og drepa dei.

8. Lika deira skal liggja på gata i den store byen som åndeleg tala vert kalla Sodoma eller Egypt, der Herren deira vart krossfest.

9. Menneske av mange folk og ætter og tungemål og folkeslag skal sjå dei liggja der i tre og ein halv dag, og dei skal ikkje la nokon få gravleggja dei.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 11