Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 5:8-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Så må de òg vera tolmodige og ved godt mot, for Herren kjem snart.

9. Hald opp med å klaga på kvarandre, brør, elles vert de dømde. Domaren står alt for døra.

10. Brør, ta profetane til føredøme, dei som tala i Herrens namn; dei heldt tolmodig ut når dei måtte lida vondt.

11. Og sæle prisar vi alle som held ut. De har høyrt korleis Job heldt ut og har sett korleis Herren lét det gå han til sist. For Herren er rik på medkjensle og miskunn.

12. Men framfor alt, brør, må de ikkje sverja, korkje ved himmelen eller jorda eller ved noko anna. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei, så de ikkje skal koma under domen!

13. Er det nokon av dykk som har det vondt? Då skal han be. Er nokon ved godt mot? Då skal han syngja lovsongar.

14. Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn.

15. Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.

16. Sanna då syndene for kvarandre og bed for kvarandre, så de kan verta lækte. Rettferdig manns bøn har stor kraft og verknad.

Les hele kapitlet Jakob 5