Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 5:2-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Rikdomen dykkar rotnar, og kleda vert mòletne;

3. gullet og sølvet rustar bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta dykkar kjøt som eld. De har nytta endetida til å samla rikdom.

4. Men høyr: Den løna de heldt att for dei som skar åkrane dykkar, ropar høgt, og klageropet frå onnefolket har nått fram til Herren Sebaot.

5. I vellivnad og overflod har de levt på jorda og gjort hjarto dykkar feite til slaktedagen.

6. Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.

7. Ver då tolmodige, brør, til dess Herren kjem! Ein bonde må venta med tolmod på den dyre grøda som jorda gjev, til både haustregnet og vårregnet har falle.

8. Så må de òg vera tolmodige og ved godt mot, for Herren kjem snart.

9. Hald opp med å klaga på kvarandre, brør, elles vert de dømde. Domaren står alt for døra.

10. Brør, ta profetane til føredøme, dei som tala i Herrens namn; dei heldt tolmodig ut når dei måtte lida vondt.

11. Og sæle prisar vi alle som held ut. De har høyrt korleis Job heldt ut og har sett korleis Herren lét det gå han til sist. For Herren er rik på medkjensle og miskunn.

12. Men framfor alt, brør, må de ikkje sverja, korkje ved himmelen eller jorda eller ved noko anna. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei, så de ikkje skal koma under domen!

13. Er det nokon av dykk som har det vondt? Då skal han be. Er nokon ved godt mot? Då skal han syngja lovsongar.

14. Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn.

Les hele kapitlet Jakob 5