Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 5:13-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Er det nokon av dykk som har det vondt? Då skal han be. Er nokon ved godt mot? Då skal han syngja lovsongar.

14. Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i kyrkjelyden, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn.

15. Då skal bøna, beden i tru, berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.

16. Sanna då syndene for kvarandre og bed for kvarandre, så de kan verta lækte. Rettferdig manns bøn har stor kraft og verknad.

17. Elia var eit menneske under same kår som vi. Han bad at det ikkje skulle regna, og det regnde ikkje i landet på tre år og seks månader.

18. Så bad han på nytt, og himmelen gav regn, og jorda bar atter si grøde.

Les hele kapitlet Jakob 5