Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 2:19-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv!

20. Veit du ikkje, du tankelause menneske, at tru utan gjerningar er gagnlaus?

21. Var det ikkje gjerningar som gjorde at Abraham, far vår, vart sagd rettferdig då han ofra Isak, son sin, på altaret?

22. Der ser du: Trua verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda.

23. På den måten vart det skriftordet oppfylt: Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig, og han vart kalla «Guds ven».

24. Der ser de at eit menneske vert sagt rettferdig ved gjerningar og ikkje berre ved tru.

25. Sameleis var det med skjøkja Rahab: Vart ikkje ho sagd rettferdig ved gjerningar fordi ho tok imot sendemennene og sleppte dei ut or byen ein annan veg?

26. For liksom kroppen er død utan ånd, er trua død utan gjerningar.

Les hele kapitlet Jakob 2