Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 2:13-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. For domen skal vera utan miskunn mot den som ikkje har vist miskunn. Men miskunn rosar seg mot domen.

14. Mine brør! Kva gagnar det om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han?

15. Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og vantar mat for dagen,

16. og ein av dykk seier til dei: «Far vel, kled dykk varmt og et dykk mette!» Kva hjelper det, om de ikkje gjev dei det kroppen treng?

17. Sameleis er det med trua: Har ho ikkje gjerningar, er ho beint fram død.

18. Einkvan kan seia: «Den eine har tru, den andre har gjerningar.» Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg visa deg mi tru av mine gjerningar.

19. Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv!

20. Veit du ikkje, du tankelause menneske, at tru utan gjerningar er gagnlaus?

21. Var det ikkje gjerningar som gjorde at Abraham, far vår, vart sagd rettferdig då han ofra Isak, son sin, på altaret?

22. Der ser du: Trua verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda.

23. På den måten vart det skriftordet oppfylt: Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig, og han vart kalla «Guds ven».

Les hele kapitlet Jakob 2