Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 2:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mine brør, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samstundes gjera skil på folk.

2. Set at det kjem to menn inn i kyrkjelyden vår – den eine i fine klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede.

3. Så seier de til han i dei fine kleda: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der,» eller: «Set deg her på golvet ved føtene mine!» Om de berre bryr dykk om han i fine klede,

4. gjer de ikkje då skil på folk? Har de ikkje vorte domarar med vonde tankar?

5. Høyr no, mine kjære brør: Har ikkje Gud valt ut dei som denne verda reknar for fattige, til å vera rike i trua og arva det riket han har lova dei som elskar han?

6. Men de har vanvørdt den fattige! Er det ikkje dei rike som held dykk nede og dreg dykk fram for domstolen?

7. Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som er nemnt over dykk?

8. Dersom de oppfyller den kongelege lov i Skrifta: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett.

9. Men gjer de skil på folk, syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar.

10. For den som held heile lova, men bryt eitt av bodorda, han har gjort seg skuldig i brot på alle.

11. For han som sa: «Du skal ikkje bryta ekteskapet», han sa òg: «Du skal ikkje slå i hel». Om du då ikkje bryt ekteskapet, men slår i hel, så har du vorte ein lovbrytar.

12. De skal dømast etter fridoms lov, og i samsvar med det må de leva, i ord og i gjerning.

Les hele kapitlet Jakob 2