Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 6:9-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men når det gjeld dykk, kjære vener, er vi visse om at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer.

10. For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken de har synt namnet hans med å tena dei kristne, no som før.

11. Vi ynskjer berre at kvar ein av dykk må vera like ivrig etter å eiga full visse i vona heilt til det siste.

12. Då må de ikkje vera likesæle, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod får del i lovnadene.

13. Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv; for han hadde ingen større å sverja ved.

14. Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di stor.»

15. Og så fekk Abraham lovnaden oppfylt fordi han venta med tolmod.

16. Menneske sver då ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på all motsegn.

17. Fordi Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urikkande hans avgjerd var, gjekk han god for han med eid.

18. Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging.

19. Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen,

Les hele kapitlet Hebrearane 6