Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 6:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud,

2. eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen.

3. På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.

4. Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande,

5. har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til,

6. og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott.

7. Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud.

8. Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.

9. Men når det gjeld dykk, kjære vener, er vi visse om at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer.

10. For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken de har synt namnet hans med å tena dei kristne, no som før.

11. Vi ynskjer berre at kvar ein av dykk må vera like ivrig etter å eiga full visse i vona heilt til det siste.

12. Då må de ikkje vera likesæle, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod får del i lovnadene.

13. Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv; for han hadde ingen større å sverja ved.

14. Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di stor.»

15. Og så fekk Abraham lovnaden oppfylt fordi han venta med tolmod.

Les hele kapitlet Hebrearane 6