Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 13:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn.

16. Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud.

17. Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles vert det ikkje til gagn for dykk.

18. Bed for oss! For vi veit at vi har eit godt samvit; vi vil då gjerne ferdast rett på alle måtar.

19. Serleg bed eg dykk å gjera dette, så de kan få meg att så mykje snarare.

20. Fredens Gud, han som førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde i kraft av ei evig pakts blod,

21. han gjere dykk skikka til alt som godt er, så de kan gjera hans vilje. Ja, gjev han ved Jesus Kristus får verka i oss det som er etter Guds gode vilje. Han skal ha ære i all æve! Amen.

22. Eg bed dykk, brør, ta vel imot desse orda som skal vera ei rettleiing for dykk. Eg måtte skriva så kort til dykk.

23. De skal vita at Timoteus, bror vår, er frigjeven. Kjem han snart, skal eg vitja dykk saman med han.

24. Helsa alle leiarane dykkar og alle dei heilage! Brørne frå Italia sender si helsing.

25. Nåden vere med dykk alle!

Les hele kapitlet Hebrearane 13