Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 13:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Lat kjærleiken til brørne haldast levande!

2. Gløym ikkje å vera gjestmilde, for på den måten har nokre, utan å vita det, hatt englar til gjester.

3. Kom i hug dei som er i fengsel, som om de var fangar saman med dei. Og tenk på dei som vert pinte og plaga; de har då ein lekam, de òg.

4. Ekteskapet skal haldast i ære av alle, og samlivet må ikkje skitnast til. For Gud vil døma dei som driv hor eller bryt ekteskapet.

5. Ver ikkje glade i pengar, men ver nøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg slepper deg ikkje og går ikkje frå deg.

6. Difor kan vi vera trygge og seia:Herren er min hjelpar, ¬eg er ikkje redd.Kva kan eit menneske ¬gjera meg?

7. Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på korleis dei levde og døydde, og ta deira tru til føredøme!

8. Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.

9. Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, for dei som held seg til dette, har ikkje hatt noko gagn av det.

10. Vi har vårt eige altar, og dei som gjer teneste i møteteltet, har ikkje rett til å eta frå det.

11. Øvstepresten ber blodet av offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppen vert oppbrend utanfor leiren.

12. Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod.

Les hele kapitlet Hebrearane 13