7. Og om englane seier han:Han gjer englane sine til vindar,tenarane sine til logande eld.
8. Men om Sonen:Din kongsstol, Gud, ¬står i all æve,rettferds stav er din kongsstav.
9. Du har elska rettferd ¬og hata urett;difor, Gud, har din Gud ¬salva degmed fagnads olje ¬framfor dine frendar.
10. Og vidare:Du, Herre, ¬i opphavet grunnla du jorda,og himmelen er eit verk ¬av dine hender.
11. Dei skal gå til grunne, ¬men du vert verande.Dei skal alle eldast ¬som ein klednad;
12. du rullar dei saman ¬som ei kappe,dei vert utskifte som klede.Men du er den same,dine år tek aldri ende.
13. Til kven av englane har han nokon gong sagt:Set deg ved mi høgre handtil eg får lagt dine fiendartil skammel for dine føter?
14. Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?