Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 1:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira.

5. For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:Du er son min,eg har født deg i dag?Eller, som det òg står:Eg vil vera far hans,og han skal vera son min.

6. Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han:Alle Guds englar skal tilbe han.

7. Og om englane seier han:Han gjer englane sine til vindar,tenarane sine til logande eld.

8. Men om Sonen:Din kongsstol, Gud, ¬står i all æve,rettferds stav er din kongsstav.

9. Du har elska rettferd ¬og hata urett;difor, Gud, har din Gud ¬salva degmed fagnads olje ¬framfor dine frendar.

10. Og vidare:Du, Herre, ¬i opphavet grunnla du jorda,og himmelen er eit verk ¬av dine hender.

11. Dei skal gå til grunne, ¬men du vert verande.Dei skal alle eldast ¬som ein klednad;

12. du rullar dei saman ¬som ei kappe,dei vert utskifte som klede.Men du er den same,dine år tek aldri ende.

Les hele kapitlet Hebrearane 1