Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 1:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane.

2. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.

3. Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.

4. Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira.

5. For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:Du er son min,eg har født deg i dag?Eller, som det òg står:Eg vil vera far hans,og han skal vera son min.

6. Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han:Alle Guds englar skal tilbe han.

7. Og om englane seier han:Han gjer englane sine til vindar,tenarane sine til logande eld.

8. Men om Sonen:Din kongsstol, Gud, ¬står i all æve,rettferds stav er din kongsstav.

Les hele kapitlet Hebrearane 1