Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 6:9-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Lat oss gjera det gode og ikkje trøytna! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp.

10. Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot dei som er våre sysken i trua.

11. Sjå kor store bokstavar eg nyttar når eg no med mi eiga hand skriv til dykk!

12. Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa verta forfylgde for Kristi kross.

13. For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan skryta av det som er gjort med dykk på kroppen.

14. Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda.

15. For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning.

16. Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel!

17. Heretter må ingen valda meg møde meir, for eg ber Jesu merke på lekamen min.

Les hele kapitlet Galatarane 6