Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 6:13-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan skryta av det som er gjort med dykk på kroppen.

14. Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda.

15. For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning.

16. Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel!

17. Heretter må ingen valda meg møde meir, for eg ber Jesu merke på lekamen min.

18. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.

Les hele kapitlet Galatarane 6