Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 5:3-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova.

4. De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden.

5. Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von.

6. For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.

7. De var komne godt i gang med laupet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga?

8. Han som kalla dykk, har ikkje overtalt dykk til dette.

9. Litt surdeig syrer heile deigen.

10. Men Herren gjev meg den tiltru til dykk at de ikkje vil tenkja annleis enn eg. Den som forvirrar dykk, skal få sin dom, kven han så er.

11. Om det er så, brør, at eg no òg forkynner omskjering, kvifor vert eg då forfylgd? Då er ikkje krossen ein støytestein lenger.

12. Måtte dei berre skamskjera seg, dei som set dykk opp!

13. De er kalla til fridom, brør. Lat berre ikkje fridomen verta eit påskot for den syndige naturen, men ten kvarandre i kjærleik.

14. For heile lova kan samanfattast i det eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv.

15. Men når de bit og glefser etter kvarandre, så ta dykk i vare at de ikkje et kvarandre opp.

Les hele kapitlet Galatarane 5