Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 5:17-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. For det vår vonde natur trår etter, er Anden imot, og det Anden trår etter, er vår vonde natur imot. Dei to ligg i strid, så de ikkje er i stand til å gjera det de vil.

18. Men vert de drivne av Anden, då er de ikkje under lova.

19. Det er klårt kva som kjem frå vår vonde natur: hor, umoral, sedløyse,

20. avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid,

21. misunning, drikk, svir og meir av det slaget. Som eg før har sagt: Dei som fer med slikt, skal ikkje arva Guds rike.

22. Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap,

23. spaklynde og sjølvtøyming. Mot slike ting er ikkje lova.

24. Dei som høyrer Kristus til, har krossfest den vonde naturen med lidenskapane og lystene.

Les hele kapitlet Galatarane 5