Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 5:13-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. De er kalla til fridom, brør. Lat berre ikkje fridomen verta eit påskot for den syndige naturen, men ten kvarandre i kjærleik.

14. For heile lova kan samanfattast i det eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv.

15. Men når de bit og glefser etter kvarandre, så ta dykk i vare at de ikkje et kvarandre opp.

16. Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då gjer de ikkje det som den syndige naturen trår etter.

17. For det vår vonde natur trår etter, er Anden imot, og det Anden trår etter, er vår vonde natur imot. Dei to ligg i strid, så de ikkje er i stand til å gjera det de vil.

18. Men vert de drivne av Anden, då er de ikkje under lova.

19. Det er klårt kva som kjem frå vår vonde natur: hor, umoral, sedløyse,

20. avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid,

21. misunning, drikk, svir og meir av det slaget. Som eg før har sagt: Dei som fer med slikt, skal ikkje arva Guds rike.

22. Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap,

23. spaklynde og sjølvtøyming. Mot slike ting er ikkje lova.

Les hele kapitlet Galatarane 5