Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 2:2-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Det var ei openberring som gjorde at eg reiste dit. Og i eit serskilt møte med dei mest framståande la eg fram for dei det evangeliet eg forkynner mellom folkeslaga; for eg ville ikkje at heile arbeidet mitt skulle vera fåfengt.

3. Men ikkje eingong Titus, som var med meg, og som er grekar, vart nøydd til å la seg omskjera.

4. Det kravet kom frå nokre falske brør som hadde snikt seg inn; dei ville lura på den fridomen vi har i Kristus Jesus, så dei kunne gjera oss til trælar.

5. Men ikkje ein augneblink gav vi etter og bøygde oss for dei. For vi ville at sanninga i evangeliet skulle stå fast hjå dykk.

6. Og dei som galdt for å vera noko – kor store dei var, kan vera det same for meg, for Gud gjer ikkje skil på folk – dei kom ikkje med nye krav til meg.

7. Tvert imot skjøna dei at det var overlate til meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, liksom til Peter for dei omskorne.

8. For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for dei uomskorne.

9. Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som vert rekna for sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, då gav dei meg og Barnabas si hand til teikn på samfunn. Vi skulle gå til folkeslaga, dei til jødane.

10. Vi skulle berre hugsa på dei fattige, og det har eg alltid lagt vinn på å gjera.

11. Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han.

12. Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne.

Les hele kapitlet Galatarane 2