Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 2:16-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Men då vi skjøna at eit menneske ikkje vert rettferdig for Gud ved gjerningar som lova krev, men berre ved trua på Kristus Jesus, då trudde vi òg på Kristus Jesus, så vi kunne verta rettferdige for Gud ved trua på Kristus og ikkje ved lovgjerningar. For ved lovgjerningar vert ikkje noko menneske rettferdig for Gud.

17. Men om det skulle syna seg at vi jødar òg er syndarar, når vi vil verta rettferdige i Kristus, vert ikkje Kristus då ein tenar for synda? Langt ifrå!

18. Byggjer eg opp att det som eg har rive ned, då kan det med rette seiast at eg er ein lovbrytar.

19. Det er då lova som har gjort at eg er død for lova og lever for Gud. Eg er krossfest med Kristus;

20. eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Det livet eg no lever her på jorda, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.

21. Eg vrakar ikkje Guds nåde. For kan ein vinna rettferd ved lova, då døydde Kristus til ingen nytte.

Les hele kapitlet Galatarane 2