Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filemon 1:8-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt.

9. Men kjærleiken gjer at eg heller kjem med ei bøn. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no òg Kristi Jesu fange,

10. bed eg deg for Onesimus, son min som eg har fått i mitt fangenskap.

11. Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig både for meg og deg.

12. Når eg no sender han attende til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarta.

13. Eg hadde gjerne hatt han hjå meg, så han i din stad kunne hjelpa meg når eg no er i lekkjer for evangeliet.

14. Men utan ditt samtykke ville eg ingen ting gjera, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje.

15. Kan henda vart han teken frå deg for ei stund, så du skal få han att for alltid,

16. ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror. Det er han sanneleg for meg. Kor mykje meir må han då ikkje vera det for deg, både som menneske og i Herren.

17. Så sant du held meg for ein bror i trua, så ta imot han som meg sjølv.

18. Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning!

19. Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv.

Les hele kapitlet Filemon 1