Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filemon 1:5-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. For eg høyrer om kjærleiken din til alle dei heilage og om trua di på Herren Jesus.

6. Saman med dei eig du trua, og det er mi bøn at ho må vera verksam, så du kan skjøna kva godt vi skal gjera for Kristus.

7. Det har vore ei stor glede og trøyst for meg å høyra om kjærleiken din, kjære bror, og dei heilage har kjent seg styrkte.

8. I Kristus kunne eg nok med full rett påleggja deg å gjera di plikt.

9. Men kjærleiken gjer at eg heller kjem med ei bøn. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no òg Kristi Jesu fange,

10. bed eg deg for Onesimus, son min som eg har fått i mitt fangenskap.

11. Ein gong var han unyttig for deg, men no er han nyttig både for meg og deg.

12. Når eg no sender han attende til deg, er det som om eg sender mitt eige hjarta.

13. Eg hadde gjerne hatt han hjå meg, så han i din stad kunne hjelpa meg når eg no er i lekkjer for evangeliet.

14. Men utan ditt samtykke ville eg ingen ting gjera, så du ikkje skal gjera det gode av tvang, men av fri vilje.

15. Kan henda vart han teken frå deg for ei stund, så du skal få han att for alltid,

Les hele kapitlet Filemon 1