Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filemon 1:18-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning!

19. Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv.

20. Ja, bror, lat meg ha gagn av deg i Herren! Gjer meg glad og frimodig i Kristus!

21. I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er viss på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om.

22. Og ein ting til: Stell til gjesteromet åt meg! For eg vonar Gud vil høyra bønene dykkar og la meg få koma til dykk.

23. Eg skal helsa deg frå Epafras, som er fange saman med meg for Kristi Jesu skuld,

24. like eins frå Markus, Aristark, Demas og Lukas, medarbeidarane mine.

25. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!

Les hele kapitlet Filemon 1