Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Filemon 1:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Paulus, Kristi Jesu fange, og Timoteus, bror vår, helsar Filemon, vår kjære medarbeidar,

2. og Appia, syster vår, og Arkippus, vår medstridsmann, og kyrkjelyden som samlast i heimen din.

3. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

4. Eg takkar alltid min Gud når eg nemner deg i bønene mine.

5. For eg høyrer om kjærleiken din til alle dei heilage og om trua di på Herren Jesus.

6. Saman med dei eig du trua, og det er mi bøn at ho må vera verksam, så du kan skjøna kva godt vi skal gjera for Kristus.

7. Det har vore ei stor glede og trøyst for meg å høyra om kjærleiken din, kjære bror, og dei heilage har kjent seg styrkte.

Les hele kapitlet Filemon 1