Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 5:1-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ha Gud til førebilete, de som er hans kjære born.

2. Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, Gud til ein hugnadleg ange.

3. Hor, alle slag ureinskap og havesykje må ikkje eingong nemnast mellom dykk; slikt sømer seg ikkje for kristne.

4. Rått snakk, dumt prat og grovt skjemt er òg uhøveleg. Sei heller Gud takk!

5. For det skal de vita at ingen som driv hor eller lever i umoral, skal få vera med i Guds og Kristi rike, heller ikkje den som er havesjuk, for han er ein avgudsdyrkar.

6. Lat ingen narra dykk med tome ord, for det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.

7. Ha ikkje noko sams med dei!

8. Ein gong var de sjølve mørker, men no – i Herren – er de ljos. Lev då som born av ljoset!

9. For fruktene av ljoset er godleik, rettferd og sanning.

10. Prøv då kva som er til hugnad for Herren!

11. Ver ikkje med på dei gjerningane som høyrer mørkret til, for dei er utan frukt; refs heller.

12. Det som slike folk driv med i løynd, er det ei skam berre å nemna.

13. Men alt kjem for dagen når ljoset får avsløra det,

14. og alt som kjem for dagen, er ljos. Difor heiter det:Vakna, du som søv,stå opp frå dei døde,og Kristus skal lysa for deg.

15. Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke,

16. så de kjøper den laglege tida, for dagane er vonde.

17. Ver ikkje uvituge, men skjøna kva det er Herren vil.

Les hele kapitlet Efesarane 5