Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Efesarane 2:11-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand.

12. Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda.

13. Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod.

14. For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned det gjerdet som skilde, fiendskapen.

15. Då han gav sin lekam, avlyste han lova med hennar bod og føresegner. Såleis skulle han gjera fred og skapa dei to til eitt nytt menneske.

16. I ein lekam skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og der gjorde ende på fiendskapen.

17. Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær.

18. Ved han har vi begge tilgjenge til Faderen i ein Ande.

19. Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til.

20. De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv.

21. Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel,

22. og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.

Les hele kapitlet Efesarane 2