Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 9:6-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»

7. Mennene som fylgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.

8. Saulus reiste seg frå jorda; men då han opna augo, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.

9. Og i tre dagar sat han der blind, og han korkje åt eller drakk.

10. I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Til han sa Herren i eit syn: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.»

11. Og Herren sa til han: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset hans Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsus. For no bed han.

12. Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.»

13. Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange tala om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem.

14. Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å fengsla alle som kallar på ditt namn.»

15. Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels folk.

16. Eg skal syna han kor mykje han må lida for mitt namn.»

17. Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren har sendt meg, Jesus, han som viste seg for deg på vegen. Du skal få att synet og verta fylt av Den Heilage Ande.»

18. Og straks fall det liksom skjel frå augo hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt.

19. Så fekk han seg mat og vart styrkt.Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus.

20. Der forkynte han straks Jesus i synagogene og sa: «Han er Guds Son.»

21. Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydja ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å gripa dei og føra dei til overprestane?»

22. Men Saulus fekk meir og meir kraft. Han målbatt jødane i Damaskus med dei prova han la fram på at Jesus var Messias.

23. Då det leid av ei tid, vart jødane samde om å rydja han or vegen.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 9