Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 9:35-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

35. Og då dei som budde i Lod og Saron, fekk sjå han, vende dei alle om til Herren.

36. I Jaffa budde det ein kvinneleg læresvein som heitte Tabita, på gresk Dorkas. Ho gjorde mykje godt og tok seg av dei fattige.

37. Men i den tida bar det så til at ho vart sjuk og døydde. Dei vaska henne og la henne i eit rom ovanpå.

38. Jaffa er ikkje langt frå Lod. Og då læresveinane fekk høyra at Peter var der, sende dei to menn til han med det bodet: «Gjer vel og kom hit til oss så fort du kan!»

39. Peter gjorde seg ferdig og vart med. Då han kom fram, fylgde dei han opp på romet, der alle enkjene samla seg gråtande ikring han. Dei synte fram skjortene og kappene som Dorkas hadde sytt medan ho endå var mellom dei.

40. Peter bad dei alle gå ut og la seg på kne og bad. Så snudde han seg mot den døde og sa: «Tabita, stå opp!» Ho opna augo, og då ho såg Peter, sette ho seg opp.

41. Han rette henne handa og hjelpte henne opp. Så kalla han inn enkjene og dei andre heilage og viste henne fram for dei ljos levande.

42. Dette vart kjent over heile Jaffa, og mange kom til tru på Herren.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 9