Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 9:27-42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt Jesu namn i Damaskus.

28. Sidan var han støtt i lag med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn.

29. Han tala òg med dei jødane som hadde gresk morsmål, og gav seg i ordskifte med dei. Men dei freista å få han drepen.

30. Då brørne fekk vita det, tok dei han med seg til Cæsarea og sende han derifrå til Tarsus.

31. No hadde kyrkjelyden fred over heile Judea og Galilea og Samaria. Han vart oppbygd og levde i age for Herren; og styrkt av Den Heilage Ande auka han meir og meir.

32. Medan Peter fór ikring alle stader, hende det at han kom ned til dei heilage i Lod.

33. Der fekk han sjå ein mann som var lam og hadde lege til sengs i åtte år; han heitte Æneas.

34. Peter sa til han: «Æneas, Jesus Kristus vil gjera deg frisk att. Stå opp og rei senga di!» Straks reiste han seg opp.

35. Og då dei som budde i Lod og Saron, fekk sjå han, vende dei alle om til Herren.

36. I Jaffa budde det ein kvinneleg læresvein som heitte Tabita, på gresk Dorkas. Ho gjorde mykje godt og tok seg av dei fattige.

37. Men i den tida bar det så til at ho vart sjuk og døydde. Dei vaska henne og la henne i eit rom ovanpå.

38. Jaffa er ikkje langt frå Lod. Og då læresveinane fekk høyra at Peter var der, sende dei to menn til han med det bodet: «Gjer vel og kom hit til oss så fort du kan!»

39. Peter gjorde seg ferdig og vart med. Då han kom fram, fylgde dei han opp på romet, der alle enkjene samla seg gråtande ikring han. Dei synte fram skjortene og kappene som Dorkas hadde sytt medan ho endå var mellom dei.

40. Peter bad dei alle gå ut og la seg på kne og bad. Så snudde han seg mot den døde og sa: «Tabita, stå opp!» Ho opna augo, og då ho såg Peter, sette ho seg opp.

41. Han rette henne handa og hjelpte henne opp. Så kalla han inn enkjene og dei andre heilage og viste henne fram for dei ljos levande.

42. Dette vart kjent over heile Jaffa, og mange kom til tru på Herren.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 9