Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 9:15-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels folk.

16. Eg skal syna han kor mykje han må lida for mitt namn.»

17. Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren har sendt meg, Jesus, han som viste seg for deg på vegen. Du skal få att synet og verta fylt av Den Heilage Ande.»

18. Og straks fall det liksom skjel frå augo hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt.

19. Så fekk han seg mat og vart styrkt.Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus.

20. Der forkynte han straks Jesus i synagogene og sa: «Han er Guds Son.»

21. Alle som høyrde på, vart fulle av undring og sa: «Er ikkje dette han som i Jerusalem ville rydja ut alle som kallar på dette namnet? Og kom han ikkje hit for å gripa dei og føra dei til overprestane?»

22. Men Saulus fekk meir og meir kraft. Han målbatt jødane i Damaskus med dei prova han la fram på at Jesus var Messias.

23. Då det leid av ei tid, vart jødane samde om å rydja han or vegen.

24. Men Saulus fekk høyra om planen deira. Dei heldt jamvel vakt ved byportane dag og natt for å slå han i hel.

25. Men ei natt fekk læresveinane han ut; dei firte han ned etter muren i ei korg.

26. Då han kom til Jerusalem, freista han å halda seg til læresveinane. Men alle var redde han; for dei trudde ikkje at han var nokon læresvein.

27. Då tok Barnabas han med seg til apostlane. Og han fortalde dei korleis Saulus på vegen hadde sett Herren, som hadde tala til han, og korleis han med frimod hadde forkynt Jesu namn i Damaskus.

28. Sidan var han støtt i lag med dei i Jerusalem og tala frimodig i Herrens namn.

29. Han tala òg med dei jødane som hadde gresk morsmål, og gav seg i ordskifte med dei. Men dei freista å få han drepen.

30. Då brørne fekk vita det, tok dei han med seg til Cæsarea og sende han derifrå til Tarsus.

31. No hadde kyrkjelyden fred over heile Judea og Galilea og Samaria. Han vart oppbygd og levde i age for Herren; og styrkt av Den Heilage Ande auka han meir og meir.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 9