Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 6:7-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Guds ord hadde framgang, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Jamvel ein stor flokk av prestane vart lydige mot trua.

8. Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket.

9. Då stod det fram nokre frå den synagoga som vart kalla synagoga for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar. Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus.

10. Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som orda hans var borne av.

11. Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han tala spottande ord mot Moses og Gud.»

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 6