Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Apostelgjerningane 6:10-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som orda hans var borne av.

11. Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han tala spottande ord mot Moses og Gud.»

12. På den måten eggja dei opp folket, dei eldste og dei skriftlærde; og så gjekk dei mot han, greip han og drog han med seg inn for Rådet.

13. Der førte dei fram falske vitne som sa: «Denne mannen held ikkje opp med å tala mot den heilage staden og mot lova.

14. Vi har høyrt han seia at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned heilagdomen og endra dei skikkane vi har frå Moses.»

15. Då feste dei augo på han, alle som sat i Rådet, og dei såg at andletet hans var som eit engleandlet.

Les hele kapitlet Apostelgjerningane 6